Opplevelseskortet Join er meint for å utjamne sosial ulikskap og motverke sosial ekskludering for barn og unge frå låginntektsfamiliar. Sosial ulikskap aukar og barn veks opp i ulike verd av moglegheiter. Utfordringane med auka sosial ulikskap og sosial ekskludering er godt kjent.
Join kan gje fleire barn og unge mogelegheiter til å delta i aktivitetar uavhengig av familien si inntektsnivå. Stord kommune ynskjer i størst mogeleg grad å gje barn og unge moglegheit til å delta på aktivitetar som deira vener deltek på. Det kan vere å gå på kino, i symjehallen, teater, ferieaktivitetar mm. Målgruppa er barn og unge i alderen 5-18 år.
Opplevelseskortet Join fungerer som eit samarbeid mellom kommune, Nav og private aktørar og frivillige lag og organisasjonar. Det er eit enkelt digitalt verktøy som er treffsikkert i forhold til målgruppa.
Aktuelle barn, unge med deira foreldre kan registrere seg gjennom ein søknad til Stord kommune. Barnet og forelderen får ein brukar i joinapp.no. Gjennom web-appen vil barnet og forelderen få tilbod om gratis og eller rabatterte billettar til ulike lokale og nasjonale aktivitetar. Ordninga er i fyrste omgang eit tilbod i 2022.
Me vil handsame førespurnaden så raskt som råd og gje eit svar på epost med retteleiing til korleis du kan opprette ein brukar på Joinapp.