Dersom du flyttar ut av kommunen, må du tre ut av verv som folkevald frå det tidspunktet du blir folkeregistrert i annan kommune. Du må melda frå til kommunen at du har flytta og at du ikkje lenger kan vera folkevald i Stord. Dersom du flyttar tilbake igjen innan to år, kan du tre inn att i vervet/verva dine.
Lovheimel: Kommuneloven § 7-9, første ledd.
Dersom du ikkje kan ivareta vervet ditt som folkevald utan at det fører til vesentleg ulempe for deg, kan kommunestyret, etter søknad, frita deg for vervet mellombels eller for resten av valperioden.
- Fritaksgrunn vil i første rekke vera at arbeidsforhold, dårleg helsa eller andre velferdsgrunnar gjer det ekstra byrdefullt å oppfylle dei pliktene vervet medfører
- Når søknaden vert vurdert skal det leggast vekt på om grunnlaget for søknaden var kjend på det tidspunktet du takka ja til å bli vald.
- Du kan søkja om delvis fritak, for eksempel kan du søkja om fritak frå verv i hovudutval, men behalde vervet som kommunestyrerepresentant.
- Dersom du har fått innvilga mellombels fritak, har du ikkje rett til å tre inn att før fritaksperioden er over.
Lovheimel: Kommuneloven § 7-9, andre og tredje ledd