• {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
  • {{sprakVariabler[s.stegnavn]}}
{{sprakVariabler["AvbrytSkjemaUtfylling"]}}
{{sprakVariabler["InnloggingWizardKreverInnlogging"]}}: {{sprakVariabler["InnloggingWizardValgfriInnlogging"]}}: {{sprakVariabler["SkjemaNavn"]}}
  • {{sprakVariabler['InnloggingWizardTooltip' + innlogging.InnloggingsTooltip]}}

{{sprakVariabler['LoggInnEpost']}}

{{sprakVariabler['InnloggingWizardTooltipEpost']}}

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*{{sprakVariabler["EpostIkkeRegistrert"]}}

{{sprakVariabler["InnloggingWizardKodeIEpost"]}}

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

{{sprakVariabler["AktiveringEpost"]}}

{{sprakVariabler["KontoAktivert"]}}

{{sprakVariabler["AktiveringsLenkeUgyldig"]}}

Personopplysingar

Før du gjev opp personopplysningar må du samtykkja i personvernerklæringa

Personvernerklæring for elektroniske skjema

Denne erklæringa gjer greie for korleis omsynet til personvern vert handtert av Stord kommune i samband med innsamling av personopplysningar. Ved bruk av våre elektroniske løysingar, ønskjer vi at du skal kjenne deg trygg på at gjeldande lover og føresegner vert følgt. Sikker handsaming av data vil til ei kvar tid vere dokumentert etter gjeldande lovverk.

Føremålet med handsaminga av personopplysningar
Opplysningar du gjev i skjemaet vert oversendt til Stord kommune. Opplysningane gjer kommunen i stand til å handsame din førespurnad. Opplysningane du gjev vert handsama på same måte som om du hadde sendt inn eit papirskjema.

Lov om behandling av personvern
Denne personvernerklæringa følgjer regelverket i Lov om behandling av personvernopplysninger (personopplysingsloven).

Rådmannen i Stord kommune er etter lova handsamingsansvarleg i Stord kommune. Det daglege ansvaret for pliktene til den handsamingsansvarlege er lagt til kommunen sine einingsleiarar.

Personopplysningar
Dersom du føler at personvernet ditt er sikra ved denne erklæringa, samtykkjer du til lagring av dei innsamla data om deg. Samtykket godkjenner våre retningsliner for personvern og gjeld som samtykke for korleis me handsamar opplysningane.

Lagring av opplysningar
Opplysningane du har tasta inn vil ikkje vere tilgjengeleg for mottakar, Stord kommune, før du bestemmer deg for å sende inn søknaden. Ved å velje "send", har du samstundes samtykt i at Stord kommune kan få og lagre desse opplysningane. Nøkkelopplysningar frå tidlegare innsende søknader vert automatisk henta opp når du startar ein ny søknadsprosess.

Sikker dataoverføring
All overføring av opplysningar mellom din datamaskin og vår server går føre seg via sikra datakommunikasjon. Løysinga tilsvarer tryggleiken som vert nytta av nettbankane.

Ved bruk av enkle søknadsskjema der det ikkje er sensitive personopplysningar vert skjema sendt via e-post. E-posten vert anten lagt over i sak/arkiv systemt vårt eller sletta etter at søknad er svart på.

Rett til innsyn og rett til sletting av personopplysningar
Du har rett til å sjå opplysningane du har sendt inn. Dersom du finn opplysningane unøyaktige eller ufullstendige, kan du krevje å få opplysningane endra eller sletta.

Les meir om innsyn og reglar her.

Kva om du ikkje samtykker?
Dersom du ikkje samtykker i at personvernet er godt nok, vil du ikkje kunne nytte elektronisk skjermdialog. I staden ber vi deg nytte utskriftsvennlig versjon av skjema.

Kontakt Stord kommune.

Aldersgrense
Du stadfestar at du er over 18 år.

Vidareformidling
Me skal ikkje selje, byte eller på anna vis vidareformidle informasjon av nokon art, om deg, til tredjepart utan at du samtykkjer til dette.

Kontakt
Dersom du har spørsmål om personvernerklæringa, kan du kontakta tryggleiksansvarleg Siren Eldøy Hinderaker eller personvernombod Haldis Lauksund på 53 49 66 00 eller post@stord.kommune.no.