Dette skjema skal nyttast for å tinga førehandskonferanse.
Er du i tvil på om du kan byggja utan å søkje, eller du treng eit møte med kommunen for å gå gjennom ideane dine til byggjeprosjekt og kva for rammer som gjeld, kan du tinga ein førehandskonferanse.
Ein førehandskonferanse etter plan og bygningslova § 21-1 skal avklara føresetnadene for tiltaket og rammene for eventuelt vidare søknad og sakshandsaming i ein tidleg fase. Kommunen skal ut frå den infomarsjonen ein har fått gje tilbakemelding om krav knytta til arealplanar, aktuelle lover, forskrifter og retningslinjer, infrastruktur, dokumentasjonskrav, krav til plassering av tiltaket, behov for koordinering med andre mynde som t.d. vegmynde, hamnemynde, kulturminnemynde, arbeidsmiljømynde, og saksgang, her under forventa handsamingstid. Det vert skrive referat frå møtet.
Pris
Pris for førehandskonferanse finn du under avgifter og gebyr halvparten av summen vert refundert dersom omtalt tiltak krev søknadsplikt og slik søknad vert fremja innan 2 år.
Sakshandsaming
Du vil få svar anten per telefon eller på oppgitt e-post om tid for førehandskonferanse innan ei veke frå førespurnaden er motteke hos kommunen.
Dette må du ha klart
For å fylla ut skjema treng du informasjon om tiltaket, gnr, bnr, eigar og tiltakshavar, søkjar og størrelse.
Spørsmål
Dersom du lurar på noko kan du ta kontakt med Eining for regulering, byggesak og oppmåling på e-post rbo@stord.kommune.no eller på telefon 53 49 66 00.