Som eit ledd i arbeidet til Sunnhordlandskommunane Stord, Fitjar, Austevoll, Bømlo, Tysnes, Kvinnherad, Sveio og Etne om miljøsertifisering av kommuneadministrasjon og alle underliggande einingar, er det eitt krav at kommunen skal kartleggja miljøstatus hjå alle leverandørar.
Kriterie 1955
Verksemda skal ha ei oversikt over miljøstatus hjå leverandørar. Kartlegginga skal gjennomførast årleg, og innehalda ei oversikt over:
- Dei mest vesentlege leverandørane til kommunen
- Kva leverandørar som har tredjeparts miljøsertifisering (t.d. ISO 14001, Miljøfyrtårn, EMAS eller liknande)
Kriterie 1956
Verksemda skal påverka sine vareleverandørar til å framskaffa :
- Informasjon om tredjeparts miljømerka produkt i produktspekteret
- Overlevera årleg statistikk over tal miljømerka produkt som er kjøpt av kommunen
Kommunane skal aktivt jobba for å fremja miljøvenlege tiltak med mål om lågast mogleg påverknad på ytre miljø. Som sertifisert Miljøfyrtårn oppfyller alle einingar i kommunen kriterier fastsett av stiftinga Miljøfyrtårn, og gjennomfører tiltak for ei meir miljøvenleg drift og godt arbeidsmiljø. Det inneber blant anna at kommunen har forplikta seg til å ha eit heilheitleg miljøleiingssystem som inneber målsettingar og tiltak innan innkjøp, avfallshandtering, HMT-system, transport og energi.
Du kan lesa meir om miljøsatsinga til Stord kommune her: https://www.stord.kommune.no/miljoefyrtaarn.428244.nn.html
Du kan lesa meir om miljøsatsinga til Samarbeidsrådet for Sunnhordland her: https://samarbeidsraadet-sunnhordland.no/prosjekt/berekraftig-reisemal-2
Som ein av leverandørane til kommunar i Sunnhordland, gjennom Sunnhordland interkommunale innkjøpsforum, ber me med dette om at de svarar på desse spørsmåla, og sender attende til oss så snart som råd. Ta gjerne kontakt med ansvarleg for miljøsertifiseringa i kommunen: HMT-leiar Jon Eirik Kvalnes, jon.eirik.kvalnes@stord.kommune.no om spørsmål.
Med venleg helsing
Jon Eirik Kvalnes
Miljøfyrtårnansvarleg og prosjektleiar miljøsertifisering av Sunnhordlandskommunane