Husøya, helge- og vekeopphald
Husøya ligg utfor "Leirvik sveis" og i innseglinga til Leirvik hamn. Hytta ligg lunt til på austsida av øya og her er fint å bada. Hytta er utstyrt med straum, toalett, innlagd vatn og avlaup, Tv og kjøleskåp. Det er dyner og bestikk.
Dette er eit flott tilbod som me håpar medlemane gjer seg nytte av. Velferdsklubben disponerer båt til utleige, denne kan òg leigast separat.
Namnet på øya kjem truleg av at det ein gong har stått eit hus der. Kva tid det var og kven som budde der veit ein ikkje. Øya tilhøyrde opphavleg Hystadgarden. I 1919 kjøpte skipsreiar og fabrikkeigar Mons Isaksen Aslaksvik Husøya. I 1934 vart øya seld til ingeniør Steien. Året etter kjøpte kaptein Høviskeland som budde på Hystad, Husøya. Det var familien Høviskeland som bygde hytta som no er restaurert.
Kommunen overtok øya 9/2-1973 og sjøspeidarane fekk nytta hytta mot å halda ho i stand. No er det Velferdsklubben som disponerer hytta. Det vart lagt ned mykje godt dugnadsarbeid før ho var ferdig for utleige frå juli -2000. I 2015-17 vart taket skifta, ny landgang er kome til og det er gjort fleire andre oppgraderingar.
Pris: kr 200,- pr. døgn. Leiga vert trekt i løn.
Det er ikkje lov med framleige. I sommarmånadane kan ein leiga maks ei veke om gongen.
Kontakt:
Stord kommune Ve og Vel v/ Espen Lamo 975 52 047