Fritidskassa er ei behovsprøvd ordning som gjev økonomisk støtte til deltakaravgift for barn og unge i alderen 5 – 24 år, og som bur i Stord kommune.
Tilbodet er til barn, unge og familiar som av ulike årsaker treng økonomisk støtte for at barnet/ ungdommen kan delta på éin organisert fritidsaktivitet. Fritidskassa kan brukast til deltakaravgifter i éin fast, organisert fritidsaktivitet. Det betyr at det kan brukast til å betala medlemskontingentar, treningsavgifter og andre deltakaravgifter.
Økonomisk støtte gjennom fritidskassa er behovsprøvd. Det betyr at ordninga ikkje er for alle, men for dei som treng hjelp til å betala for aktiviteten til barna/ ungdommen.
Økonomisk støtte gjennom fritidskassa er ikkje ein rett, men eit tilbod for at alle barn kan delta i éin organisert fritidsaktivitet uavhengig av foreldra si inntekt og livssituasjon.
Ordninga gjeld i fyrste omgang til og med 2024.
Om du meiner at barnet ditt treng støtte gjennom Fritidskassa eller at du sjølv treng støtte frå Fritidskassa, ber me om at du svarar på spørsmåla under og sender ein førespurnad til kommunen. Kommunen vil handsame førespurnaden så raskt som råd og leggje til aktuelt beløp på Fritidskassekortet til barnet ditt/ eller ditt eige innvilga støtte. Du opprettar og brukar Fritidskassa på lenka Aktiv Fritid.