Sommarbarnehage og ferieregistrering for kommunale barnehagar i Stord kommune.
I vedtekter for dei kommunale barnehagene i Stord kommune står det at barna skal ha minst fire veker ferie i løpet av eit barnehageår. Tre av vekene skal vere samanhengande og avviklast i tidsrommet 15.06-14.08. Fråvær grunna sjukdom vert ikkje rekna som ferie
Dei to første vekene i juli er barnehagetilbodet i dei fem kommunale barnehagane samlokalisert i ein barnehage, jf barnehageruta. Dei to siste vekene i juli er alle stengt.
Furuly barnehage er sommarbarnehage og held ope i veke 27 og 28. Barnehagen har ope frå kl. 06.30- 16.15, og vil verta bemanna med personale frå dei kommunale barnehagane + lærlingar i barne- og ungdomsarbeidarfaget.
Det er ikkje sikkert at ditt barn møter kjende vaksne frå eigen barnehage. Erfaringsmessig er ikkje dette eit stort problem, men det kan tenkjast at føresette må setja av litt tid saman med barnet/barna sine når dei kjem dei første dagane.
Frist for å søkja plass i sommarbarnehagen er 14. april innverande år.