Viktig informasjon om handtering av teiingsbelagte opplysingar og teiingsplikt
Når du tek imot opplysingar som er unnateke offentlegheit, munnleg, elektronisk eller på papir, må du følja reglane i forvaltningslova § 13:
"Enhver som utfører tjeneste eller arbeid for et forvaltningsorgan, plikter å hindre at andre får adgang eller kjennskap til det han i forbindelse med tjenesten eller arbeidet får vite om:
- noens personlige forhold eller
- tekniske innretninger og fremgangsmåter samt drifts- eller forretningsforhold som det vil være av konkurransemessig betydning å hemmeligholde av hensyn til den som opplysningen angår.
Som personlige forhold regnes ikke fødested, fødselsdato og personnummer, statsborgerforhold, sivilstand, yrke, bopel og arbeidssted, med mindre slike opplysninger røper et klientforhold eller andre forhold som må anses som personlige".
Dette betyr at dokument som er unnateke offentlegheit blant anna:
- ikkje skal vidaresendast til andre (heller ikkje andre folkevalde)
- ikkje skal mellomlagrast på eigen PC, mobil, nettbrett mv.
- ikkje skal fysisk ligge tilgjengeleg for uvedkommande
Når ei sak vert behandla for lukka dører, jf. kommunelova § 31, pliktar dei folkevalde å teia om opplysingar som etter lov er underlagd teiingsplikt. Det er difor viktig at du leverer attende fysiske dokument til møtesekretær for makulering etter at saka er behandla.
Brot på teiingsplikta er straffbart etter Straffelova § 121.
Teiingslovnaden gjeld og etter at du har avslutta vervet. Du kan heller ikkje utnytta opplysingar som nevnt i denne paragraf i eiga verkemd eller i teneste eller arbeid for andre.