Gildskap er eit spørsmål som vert stilt i samband med handsaming av saker i kommunestyre og utval. Når du skal handsama ei sak som folkevald må du vurdera om du eller ein av dine næraste har ei interesse i saka. Det kan dreia seg om økonomiske interesser, eller at du eller dine næraste har en rolla som eigar, styremedlem eller dagleg leiar i eit selskap.
Rettslege bestemmingar om gildskap er omtala i Forvaltningslova og Kommunelova.
Som folkevald eller tilsett vil du vera ugild om du har tilknyting til ei sak, eller partar i saka, som er eigna til å skapa tvil om du vil handsama saka på ein objektiv og upartisk måte.
Spørsmål om gildskap må vurderast frå gang til gang. Om du er i tvil om du er gild, så må du gi beskjed til så snart som mogleg slik at me kan vurdera med utgangspunkt i den informasjonen du har gitt.